Alliert

Livesending
startar 08:30

Grieghallen
10.02.2026

  • Velkommen – kaffi og te med bra folk

  • Konferansen tjuvstartar for digitale følgjarar med sending frå VK-studio der Mathias Fischer, Agnes Ravatn og Rima Iraki leiar deg gjennom dagen.

    Du kan vente deg interessante gjestar, skarpe analysar og glimt frå bak scenen, i tillegg til at du kan følgje heile hovudprogrammet frå både godstolen og kontorstolen.

  • Alliansane frå etterkrigstida knakar i samanføyingane. Den regelstyrte verdsordenen er i tilbakegang, og autokratiske stormakter viser musklar. Kva betyr dette for små, opne økonomiar som Noreg, og for Vestlandet som er tett kopla til globale marknader? Kva skjer når maktbalansen endrar seg og tryggleiken i verda må byggjast på nytt? Kor godt rusta er vi? Vestlandskonferansen ser på korleis vi skapar nye alliansar når dei gamle og etablerte smuldrar opp.

    I denne delen møter du mellom anna Martin Sandbu, Kåre R. Aas, Sofie Nystrøm, Ulf Sverdrup, Gjermund Eide, Tore Hattrem og Audun Lysbakken.

  • 10:10 Preik

    ‍Vestlandskonferansen har raske skift og er innom mange tema, men PREIK er ein sone for refleksjon, ettertanke og lengre resonnement.

    Her møter du forfattar Åsne Seierstad, i samtale med konsernsjef i Sparebanken Norge, Jan Erik Kjerpeseth.

  • I pausen kan du følge VK-studio med gjestar frå scena på Vestlandskonferansen. VK-studio vert leia av Mathias Fischer, Agnes Ravatn og Rima Iraki.

  • Den globale makta flyttar seg frå statar til selskap. Dei største teknologiplattformene eig data, algoritmane og infrastrukturen som samfunnet kviler på, og set i aukande grad premissane for marknad og demokrati. Kva skjer når avgjerder blir flytta frå folkevalde til lukka styrerom? Med Europa i ein skvis mellom amerikanske gigantar og kinesisk statskapitalisme, handlar alliansebygging like mykje om teknologi som om politikk.

    I denne delen møter du mellom anna Karen Hao, David Runciman, Tellef Raabe, Øyvind Husby og Nora Gjøen-Gjøsæter.

  • Kunstig intelligens har gått frå framtid til kritisk infrastruktur. Teknologien skaper nye dilemma: Kva skal menneske gjere, og kva bør maskiner ta over? Vestlandskonferansen viser korleis KI kan bli ein reell alliert for verdiskaping og innovasjon når fascinasjon blir til praksis for leiarar som tek eigarskap med klare mål.

    I denne delen møter du mellom anna Toril Nag, Kjetil Halvorsen og Erik Nymo Bohne.

  • I lunsjen tek VK-studio over med Mathias Fischer, Agnes Ravatn og Rima Iraki i førarsetet.

  • Kunstig intelligens har gått frå framtid til kritisk infrastruktur. Teknologien skaper nye dilemma: Kva skal menneske gjere, og kva bør maskiner ta over? Vestlandskonferansen viser korleis KI kan bli ein reell alliert for verdiskaping og innovasjon når fascinasjon blir til praksis for leiarar som tek eigarskap med klare mål.

    I denne delen møter du mellom anna Alexander Selvikvåg Lundervold, Eirik Sjåholm Knudsen, Paul Cheek, Martine Fosse, Julie Strømsvåg og Christian Kalvenes.

  • Kva for ein bedrift er Vestlandet si mest handlekraftige? Dei nominerte er:

    • Årdal Aqua

    • PSW Power & Automation

    • Bauta Group

    Kandidatane til Handlekraftprisen er nominerte av Næringsforeningen i Stavanger-regionen, Vest Næringsråd og Næringsforeninga i Ålesundsregionen. Vinnaren kårast etter publikumsstemming i perioden 19. januar–5. februar.

    Les meir om dei nominerte her.

  • I pausen kan du følge VK-studio med gjestar frå scena på Vestlandskonferansen. VK-studio vert leia av Mathias Fischer, Agnes Ravatn og Rima Iraki.

  • Viss ikkje du, kven? Ingen kan lenger vente på at andre skal ta ansvar, for endringane i verda skjer no. Vestlandskonferansen vender blikket mot oss som leiarar og samfunnsborgarar. Kva ansvar har kvar og ein av oss for å verne demokratiet og byggje motstandskraft og heimevern? Demokratiet er summen av vår felles innsats, våre val og dei alliansane vi vel oss, og framtida blir skapt av dei som deltek, ikkje av dei som ser på.

    I denne delen møter du mellom anna Jonas Gahr Støre, Timothy Snyder, Cecile Daae, Gro Espeseth og Peter Frølich.

  • Vestlandskonferansen har raske skift og er innom mange tema, men PREIK er ein sone for refleksjon, ettertanke og lengre resonnement.

    Her møter du fotballspelar Gro Espeseth og politikar Peter Frølich, i samtale med konsernsjef i Sparebanken Norge, Jan Erik Kjerpeseth.

Program Alliert /
Vestlandskonferansen
2026