Eirik Sjåholm Knudsen
Professor,
NHH
Eirik Sjåholm Knudsen forskar på kvifor nokre bedrifter lykkast betre enn andre, og kombinerer akademisk tyngd med praktisk erfaring. Han er professor i strategi og akademisk leiar for Executive MBA i strategi ved Norges Handelshøyskole (NHH), og har erfaring som medgründer, rådgivar og tidleg investor i teknologi‑ og innovasjonsprosjekter. Knudsen er særleg opptatt av korleis kunstig intelligens endrar spelereglene for strategi, og kva som skjer når leiarar går frå å snakke om teknologien til faktisk å bruke den. Han skriv om desse temaa i nyheitsbrevet Molekyl.io.