Vestlands-konferansen
2024


Verda er på vippepunktet.

Vi veit vi er i grenseland for kva jorda toler, og overgangen til berekraftige løysingar går for seint. Det er krig i Europa, det er krig i Midtausten, og propaganda og polarisering splittar folk og nasjonar. Her heime verkar ein usynleg fiende: Resignasjon. Resignasjon får flinke folk  til å gje opp og gir dei kompromisslause makta.

Det er tid for å hente fram rebellane blant oss, dei som BÅDE gjer opprør mot urett, OG tek ansvar for å finne ei betre løysing. Vestlandskonferansen 2024 rettar lyskastaren mot menneske som mobiliserer, som ikkje lar seg lamme av avmakt, og som viser veg mot løysingane Vestlandet og verda treng.

Dette er Vestlands-konferansen


Nye tankar, nye løysingar, ny teknologi

Vestlandskonferansen er vestlandet sin viktigaste møteplass for næringsliv, politikk, akademia og 5000 engasjerte vestlendingar som vil diskutere heilt konkrete forslag for å skape nye arbeidsplassar, ny velferd og ei betre framtid. Vi ønsker å skape ein arena for læring og inspirasjon, der leiarar blir utfordra til å sette seg nye og djervare mål.