Åsne
Seierstad

Forfattar,
Ufred - Russland fra innsiden

Åsne Seierstad er ein av Noregs mest leste og kritikarroste sakprosaforfattarar. Ho debuterte i 2000 med Med ryggen mot verda og fekk internasjonalt gjennomslag med Bokhandleren i Kabul i 2002. Seinare har ho skrive fleire prisvinnande bøker om konflikt, politikk og menneske i krigssoner, mellom anna De krenkede, En av oss, To søstre og Afghanerne.

Seierstad har motteke fleire høgthengande prisar, mellom anna Brageprisen, Bokhandlerprisen og Leipzig Book Award for European Understanding. Ho har bakgrunn som utanrikskorrespondent og har dekt konfliktar i Kosovo, Irak, Afghanistan og Syria for norsk og internasjonal presse.

Ho er utdanna cand.mag. med russisk, spansk og idéhistorie frå Universitetet i Oslo. Ufred – Russland frå innsida (2025) er hennar niande bok.