Kjetil
Halvorsen
Vice President, Enterprise Architecture, Equinor
Kjetil Halvorsen står midt i den digitale omstillinga av eit av Noregs viktigaste industrikonsern. Han er vice president for Enterprise Architecture and Digital Excellence i Equinor, der han arbeider med korleis digital teknologi kan styrkje både innovasjon, effektivitet og gjennomføringsevne. Med brei erfaring frå IT-bransjen, mellom anna frå Cognite og Microsoft, har Halvorsen jobba med alt frå teknologiretning og arkitektur til leveransemetodar og styringsmodellar. Han er særleg oppteken av korleis teknologiutvikling og god innføring kan frigjere innovasjonskraft og skape varige endringar i store, komplekse organisasjonar.