Alexander Selvikvåg Lundervold
Professor, NHH
Alexander Selvikvåg Lundervold utforskar korleis kunstig intelligens endrar måten organisasjonar arbeider på. Han er professor i kunstig intelligens ved Institutt for strategi og leiing på NHH, med bakgrunn frå matematikk og programvareutvikling.
Lundervold forskar på korleis tekniske moglegheiter og strategiske val speler saman, og har førstehands erfaring med å ta medisinsk AI frå forskning til praktisk bruk. Han er særleg opptatt av korleis AI-agentar påverkar arbeidspraksis og forholdet mellom menneske og maskin.