Martin
Sandbu

Forfattar og journalist

Dr. Martin Sandbu er ein av dei mest markante økonomiske stemmene i europeisk offentlegheit. Han er European Economics Commentator i Financial Times, der han skriv nyheitsbrevet Free Lunch om global økonomi, politikk og samfunnsutvikling. I boka The Economics of Belonging analyserer Sandbu kvifor økonomisk uro skapar politisk misnøye. Han skriv også om korleis økonomisk politikk kan bidra til å byggje tillit, demokrati og sterkare fellesskap. Han er særleg oppteken av forholdet mellom marknad, stat og samfunn i ei tid prega av store økonomiske og politiske omveltingar.