På scena

Kenneth Cukier

Redaktør i The Economist

Kenneth Cukier er redaktør i The Economist i London og programleiar i teknologipodcasten Babbage. Han er medforfattar av boka "Big Data", ein New York Times- bestseljar som er omsett til over 20 språk, og fast kommentator i BBC og CNN.

Han er ikkje minst ein populær hovudtalar frå TED til Davos. I si siste bok "Framers" drøftar han krafta i tankemodellar, og grensene for AI.

Kjelde: LinkedIn