På scena

Fredrik Barth

Fredrik Barth

Styreleiar i Nordic Circles

Arkitekten Fredrik Barth står bak banebrytande Nordic Circles som lagar industrielle byggemateriale av metall frå avdanka skip og oljeplattformer. Nordic Circles kom nyleg inn under Forskningsrådet si «Grøn plattform»- ordning med nær 73 millionar kroner og blir rekna som ein pioner innan sirkulærøkonomien i Noreg. Barth leier arkitektkontoret Vill, og står også bak nokre av dei største visjonsprosjekta i Noreg dei siste åra, slik som Visjon Dokken for utflytting av Bergen havn.