Marta
Ebbing

Fagdirektør, Haukeland universitetssjukehus

Marta Ebbing har ansvar for system for forsking og utvikling som fagdirektør og leiar for FoU‑avdelinga ved Haukeland universitetssjukehus. Ho er spesialist i hjartesjukdommar, har doktorgrad frå ein klinisk behandlingsstudie, og brei erfaring frå klinikk og offentleg forvaltning. Ebbing kombinerer medisinsk kompetanse med innsikt i leiing og styring. Ho arbeider for å styrkje forsking, kvalitet, innovasjon og utdanning med mål om god pasientbehandling og meir effektive helsetenester.