
Alarmen går!
Det siste året har alarmen gått i store delar av Kommune-Norge. Når fakta viser så tydeleg at vi må tenke og prioritere annleis når det gjeld innovasjon, produktivitet, utdanning og helse, er det på tide å ta ansvar.
Agenda Vestlandet, stiftinga frå Sparebanken Vest, har bestilt ei analyse frå det sjølvstendige fagmiljøet Menon Economics, som vert presentert på Vestlandskonferansen 11. februar 2025.
Funna i analysene er alarmerande:
Vi utfører for mange oppgåver som ikkje skapar verdi, og altfor mange rapporterer om leiarar som ikkje tar ansvar for å betre situasjonen.
Vi brukar meir pengar per innbyggar enn andre land, men får lite igjen.
Vi er mindre produktive og verditapet er enormt.
Vi veit det eigentleg, alle saman: Det finst ingen lettvinte løysingar på problema vi no står ovanfor, og vi har ikkje råd til tomme løfter, populisme og symbolpolitikk.
Lat oss bruke denne informasjonen til å løfte blikket, og lese, tenke og diskutere. Vi løyser ikkje dagens problem med same metode som skapte utfordringa i utgangspunktet.
Saman kan vi gjere det betre!
Siren Sundland
Styreleiar i Agenda Vestlandet, ei stifting oppretta av Sparebanken Vest for å vere ein drivkraft i det grøne skiftet på Vestlandet.