
Program
Sjekk ut programmet (kan komme endringar)
-
Velkommen – kaffi med bra folk
-
Vestlandskonferansen kan du følgje gjennom heile dagen via TV-sendinga vår: Lenke til TV-sendinga
I studio står Mathias Fischer, leiar i tankesmia Initiativ Vest, klar med både innleiarar som skal på scenen, og med gjestar frå publikum.
-
På Vestlandskonferansen gir vi den enkelte tilgang til internasjonal, nasjonal og regional spisskompetanse som gjer at VI kan få til meir, saman.
Det siste året har endra verda for alltid. Krigen i Ukraina har skaka Europa, men han har også demonstrert land og folk si evne til å stå saman og handle saman. Krisene vi står i også innan klima, energi, natur, helse og økonomi krev eit felles krafttak, og vestlendingen si handlekraft trengst meir enn nokon gong.
Korleis skal bedrifter på Vestlandet handle for å komme styrka ut av krisene vi no ser? Kva leiarskap trengst for finne betre løysingar raskare, når problema er så samansette og store? Korleis kan kvar enkelt av oss styrke vår handlekraft i praksis?
-
Kva gjer ei bedrift handlekraftig? Vi møter leiarar som har vist handlekraft over tid, men også selskap som ikkje klarte å omstille seg i tide.
Hugsar du fotogiganten Kodak som gjekk frå å være pioner og verdsleiande, til nær konkurs i 2012? No er dei kanskje i ferd med å skape eit nytt “Kodak moment” innan elektriske bilbatteri. Kodak var på eit tidspunkt den fjerde mest kjende merkevara i verda, men dei tapte terreng då fotografi vart digitalisert. Trass at dei sprøyta inn ny kapital og prøvde å omstille seg, så vart Kodak kroneksempelet på korleis ein kan stå att på perrongen når omstillingstoga rasar forbi.
Men kva har elektriske bilbatteri med Kodak å gjere? Jau, elektriske bilbatteri må også ha eit belegg, akkurat slik som filmrullar, og akkurat det har Kodak vore ekspert på i over 130 år. Til Vestlandskonferansen kjem CEO and Chairman i Eastman Kodak Company, Jim Continenza for å fortelje korleis Kodak har snudd seg rundt og funne eit nytt forretningsområde.
Du møter m.a. :
Erna Solberg, Leiar Høgre
Jarand Rystad, CEO Rystad Energy
Cecilie Hellestveit, Jurist, folkerettsekspert og utenrikspolitisk kommentator
Jim Continenza, CEO and Chairman Eastman Kodak Company
Terje Aasland, Olje- og energiminister
Ane Breivik, Leiar i Unge Venstre
Monica Mæland, Adm.dir. Bergen Næringsråd
Stein Lier-Hansen, Leiar i Norsk Industri
Gina Gylver, Leiar i Natur og Ungdom
-
Viser bedriftene på Vestlandet handlekraft og evne til å endre seg i takt med det grøne skiftet? Korleis må leiarar tenkje og handle for å skape ein kultur for vekst?
Til Preik kjem Eivind Reiten, ein av Noregs mest erfarne industrileiarar. Han var ministeren som innførte ein marknad for kjøp og sal av elektrisk energi gjennom å liberalisere energilova i 1990. Med dette vart det i større grad marknaden som styrte energiutbygginga heller enn politiske vedtak. Reiten er i dag styreleiar i industrigiganten KONGSBERG.
Til panelet kjem også dagens olje- og energiminister Terje Aasland (Ap), som no jobbar på spreng for å løyse energikrisa. Kva handlerom har han til å utnytte energiressursane i landet på ein miljøvennleg måte? Og er det slik at energilova frå 1990 framleis tener Noreg godt?
Du møter m.a.
Eivind Reiten, styreleiar i KONGSBERG
Terje Aasland, olje- og energiminister, Ap
Kikki Flesche Kleiven, Direktør Bjerknes senter for klimaforskning
Programleiar i PREIK er Jan Erik Kjerpeseth.
-
Medan konferansedeltakarane strekkje på beina kan du som fyl konferanse digitalt få meir hjerneføde gjennom TV-sendinga vår. I studio kjem aktuelle gjestar.
Pausen varar til 10.50.
-
Vestlandet er industrilandet. På Vestlandet står industrien for heile 43% av klimautsleppa! I Oslo og Viken er talet berre 8,4%, då der knapt er industri att. Skal Noreg lukkast med den grøne omstillinga, må Vestlandet lukkast. Men korleis kan vi skape nye, grøne arbeidsplassar på Vestlandet, og samtidig få ned utsleppa?
På Vestlandskonferansen møter du bedriftene som står midt i omstillinga. Den største av dei alle, Equinor, har historisk høge inntekter, og dei har kapital til å ta ein leiarposisjon innan fornybar energi. Men gjer dei det? Henriette Undrum frå Equinor kjem til Vestlandskonferansen.
Hit kjem også Kjetel Digre, CEO i Aker Solutions. Selskapet har vore tungt inne i olje og gass, men no satsar dei tungt i nye grøne forretningsområde, slik som offshore havvind.
Du møter m.a.:
Henriette Undrum, Vice President at Equinor - Project director Norway energy hub
Kikki Kleiven, Direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning
Kjetel Digre, CEO Akers Solutions
Lisa Hymas, Executive Editor Canary Media
Ron Boschma, Professor in regional economics, Utrecht University
Lars-Henrik Paarup Michelsen, Leiar i Norsk Klimastiftelse
-
Vestlandsindeksen er sjølve temperaturmålaren på næringslivet på Vestlandet, og no ligg han rykande fersk i studio. Kjetil Benson, sjef for Markets i Sparebanken Vest, står klar med dei ferske tala, og med gjestar i studio.
Kva tenkjer bedriftene om utsiktene i marknadene ved inngangen til 2023, og kor raskt går omstillinga på Vestlandet akkurat no?
Lunsjen varar til kl. 12.35
-
Førebu deg på å bli inspirert, når Jay van Bavel stig opp på scena! Medforfattar til kioskveltaren “The Power of Us” får ein fort til å sjå på både seg sjølv, naboen og samfunnet på ein ny måte. Når vi skjøner korleis kvar og ein sin personlege identitet blir forma av gruppene vi trer inn og ut frå, kan vi slutte å spørje “kven er eg?” og i staden spørje “kven vil eg vere?”. Han ber oss ta kontroll, leie meir effektivt, vere meir produktive og inspirere til ekte endring ved å ta i bruk krafta som ei gruppe utløyser.
Det er også ofte gruppa og det gode partnarskapet det står og fell på når ein skal utvikle nye, grøne forretningsmodellar.
Vi har besøkt det nye Mærsk McKinney-Møller Center for Zero Carbon Shipping i København. Dette er ei heilt nystarta global klynge som har sett seg eit skarpt mål om å fjerne karbon frå shipping. Partnarane i klynga er handplukka for å løyse problemet, selskapa er globale, og kriteria for å verte partnar er svært strenge og forpliktande. Kva kan næringslivet på Vestlandet lære av Zero Carbon Shipping?
Og kan flytrafikken bli grøn? Svaret er ja, og det fortare enn du anar. I løpet av 2026 har Start Norge AS sett seg som mål å etablere den første kommersielle elflyrute i verda. Samtidig har Avinor som mål at all sivil luftfart i Noreg skal vere elektrifisert innan 2040.
Du møter m.a.:
Jay van Bavel, Associate Professor of Psychology & Neural Science at New York University
Heidi Aakre, Vice President Shipping, Equinor
Torben Nørgaard, Head of Energy and Fuel, Zero Carbon Shipping
Ada Jacobsen, påtroppende adm.dir Maritime Cleantech
Monica Mæland, Adm.dir. Bergen Næringsråd
Andreas Ask, strategidirektør i Widerøe
Sigurd Øvrebø, Rolls-Royce
-
Medan konferansedeltakarane strekkje på beina kan du som fyl konferanse digitalt få meir hjerneføde gjennom TV-sendinga vår. I studio kjem aktuelle gjestar.
-
William McDonough er arkitekten, designaren og forfattaren som var ein av dei første i verda til å sette ord på korleis en sirkulær økonomi kan fungere. Gjennom mange år har han gitt berekraftsråd til dei fremste leiarane i verda, slik som på innsida av G20-landa og i World Economic Forum. Han held fram ideen om at det er mogeleg å designe material, system, selskap, produkt, bygningar og lokalsamfunn som heile tida blir betre over tid, og han seier vi treng eit nytt språk for å forstå kva som må til av handlekraft. McDonough er medforfattar bak boka «From Cradle to Cradle – remaking the way we make things».
Du møter m.a.:
William McDonough, arkitekt, designar, forfattar
Siren Sundland, konserndirektør strategi og digital distribusjon i Sparebanken Vest, styreleiar i Agenda Vestlandet.
-
Til PREIK kjem Kristin Harila. Ho er fjellklatraren frå Vadsø som i 2022 var nær å nå alle verdas 14 fjelltoppar over 8000 meter på rekordtid. I haust var det berre kommunistregimet i Kina som stoppa henne frå å nå dei to siste supertoppane.
Meir handlekraftig enn Harila er, går det knapt an å bli. Vi veit jo at om ikkje fjellet vil kome til deg, så må du fare til fjellet, og her får dei gamle visdomsordet konkret meining. Harila er oppteken av at å klatre dei høgaste toppane er eit lagspel, og at heile laget vil dele rekorden som ho framleis har planar om å sette.
Du møter:
Kristin Harila, Fjellklatrar
Gina Gylver, Leiar i Natur og Ungdom
Programleiar i PREIK er Jan Erik Kjerpseth.
-
Vel heim!
På scena (vert oppdatert):
-
Kristin Harila
Fjellklatrar
-
Jay Van Bavel
Professor of Pschology and Neural Science at New York University, and awardwinning author of “The Power of Us”
-
Erna Solberg
Leiar, Høgre
-
Jarand Rystad
CEO, Rystad Energy
-
Georg Riekeles
Associate Director, European Policy Centre
-
Cecilie Hellestveit
Jurist, folkerettsekspert og utenrikspolitisk kommentator
-
Torild Eidesvik
Board professional & advisor
-
Kjetel Digre
CEO og President Aker Solutions
-
Terje Aasland
Olje- og energiminister, Ap
-
Heidi Aakre
Vice President Shipping Equinor
-
Ane Breivik
Leder Unge Venstre, møtende vara Stortinget
-
Kikki Flesche Kleiven
Direktør Bjerknessenteret for klimaforskning
-
Ron Boschma
Professor in Regional Economics, Utrecht University
-
Eivind Reiten
Styreleiar KONGSBERG
Næringslivsleiar -
Jan Erik Kjerpeseth
Konserndirektør, Sparebanken Vest
-
Georg Riekeles
Associate Director at European Policy Centre
-
Jim Continenza
Chairman og CEO, Kodak
-
Monica Mæland
Administrerende direktør Bergen Næringsråd
-
Ada Jakobsen
CEO Maritime CleanTech
-
Henrik Asheim
nestleder, Høgre
-
Torben Nørgaard
Chief Technology Officer Energy and Fuels,
Mærsk Mc-Kinney Møller Centre for Zero Carbon Shipping -
Anne Woie
Næringssjef i Stavanger Kommune
-
Lisa Hymas
Executive Editor, Canary Media
-
Stein Lier Hansen
Administrerende direktør Norsk Industri
-
Andreas Kollbye Aks
Chief Executive Officer at Widerøe Zero
-
Henriette Undrum
Vice President at Equinor - Project director Norway energy hub
-
Anette Sigmundstad
Lufthavndirektør, Sola Lufthavn
-
Sigurd Øvrebø
Managing Director at Rolls-Royce Electrical Norwa
-
Lars Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar Norsk Klimastiftelse
-
William McDonough
Arkitekt og forfattar av boka “Cradle to Cradle”
-
Gina Gylver
Leiar i Natur og Ungdom
-
Siren Sundland
Konserndirektør, Sparebanken Vest
Styreleiar, Agenda Vestlandet -
Anri Håvard Hebib
Næringspolitisk rådgiver Bergen Næringsråd.
Programleiar TV-sendinga Vestlandskonferansen -
Åsne Ådland-Dale
Leiar Berekraft, Sparebanken Vest.
Programleiar TV-sendinga Vestlandskonferansen -
Mathias Fischer
Dagleg leiar Initiativ Vest.
Programleiar TV-sendinga Vestlandskonferansen -
Kjetil Patrick Benson
Leiar Markets, Sparebanken Vest.
Programleiar TV-sendinga Vestlandskonferansen -
Kjetil H. Dale
Konferansier
-
Margunn Minne
Konserndirekt BM Sparebanken Vest. Programleiar TV-sendinga Vestlandskonferansen