Kristin Harila til Vestlandskonferansen

Kristin Harila. Foto: @fieldprod (Field Productions)

Fjellklatraren og vadsøværingen, Kristin Harila er bekrefta til Vestlandskonferansen. I haust var det berre eit kommunistregime i Kina som stoppa ho frå å klatre alle verdas 14 fjelltoppar over 8000, de sokalla «super peaks». Og det på berre 6 månader!

Den gjeldane rekorden vart sett i 2019 av Nims Purja ved å klatre alle dei 14 toppane på under sju månader. Før det var rekorden sju år og 310 dagar. Netflix laga dokumentar om bragda - 14 Peaks: Nothing is impossible. 

I 2019 var Harila toppleiar i møbelkjeden Skeidar, men hoppa av for å følje draumen, og verte den raskaste, opp alle 14 fjelltoppar over 8000 meter. Denne, nær uslåelege rekorden, sette Harila seg føre å slå i 2022. Til BBC uttala ho i haust: – Eg trur folk tar for gitt at menn er sterkare enn kvinner, men eg trur kvinner er like sterke. Det er inga forskjell mellom oss i fjella.

Sjå innslaget frå BBC her.

Eit lag
Harila er oppteken av at ho er del av eit lag. I teamet, som klatra i alt 12 av 14 toppar over 8000 på ny rekord i 2022, hadde ho med seg Pasdawa Sherpa og Dawa Ongju Sherpa. Til podcasten, Alan Arnette, uttala ho at å klatre fjelltoppar på over 8000 er eit lagspel:
– Vi vil alle dele rekorden, å klatre 8000-meter toppar er eit lagspel.    

Prøver att neste år
Sjølv om rekordforsøket var stoppa av kinesisk byråkrati i 2022, gjev ho ikkje opp av den grunn. Neste år vert lista lagt enno eit knepp opp. Då vil Harila prøve å nå alle verdas 8000-meter toppar to gonger i løpet av to år.

Vestlandskonferansen er veldig stolt over å få Harila til Bergen. Du ser ho i PREIK med Jan Erik Kjerpeseth i Grieghallen.

Les meir om ekspedisjonen på Norsk-Klatring.no

Forrige
Forrige

Kodak: Til botnen og opp igjen

Neste
Neste

Korleis redusere utslepp og samtidig skape nye arbeidsplassar?