Alliert
i ei uroleg
verd
Ideen til årets konferanse vart fødd i eit augneblink som endra verdsbiletet.
– Programideen Alliert oppstod den fredagen i vinterferien i fjor, då president Zelenskyj vart latterleggjort og audmjuka i Det kvite hus av president Donald Trump og visepresident J.D. Vance. Der og då kjende eg korleis verda eg vaks opp i, vart endra fundamentalt. Samstundes dukka ideen ALLIERT opp.
Det seier Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet – stiftinga som står bak Vestlandskonferansen. Sidan det berykta møtet har utviklinga halde fram i same retning.
Zelensky og Trump i det hvite hus, februar 2025.
Foto: Andrew Harnik/Getty Images
– Faresignala har blitt langt meir tydelege sidan i fjor vinter. Vi må stå sterkare saman og finne nye alliansar. Demokrati er ikkje ein konstitusjonell tilstand vi anten har eller ikkje har. Det er summen av vår felles innsats, av vala og prioriteringane vi tek – og sjølve fundamentet for produktivitet og verdiskaping. Å halde fast ved dette i ei tid der verda er i dramatisk endring, vil krevje både kunnskap, klokskap og mot – frå oss alle, meiner Sundland.
Makt og motmakt
Vestlandskonferansen vart etablert i 2002, og har sidan vore ein sentral møteplass for Vestlandet. Trass i skiftande tema kvart år, har kjernen vore den same.
– Tematikken har eigentleg alltid vore maktfordeling, utvikling av Vestlandet og ei urokkelig tru på betre samarbeid. Vestlandskonferansen skal vere den viktigaste møteplassen for næringsliv, politikk, akademia og engasjerte vestlendingar som vil diskutere korleis vi kan skape nye arbeidsplassar, ny velferd og ei betre framtid, seier styreleiaren.
Årets program er sett saman for å spegle ei definerande brytningstid, der teknologi, maktkonsentrasjon og demokratiske motgrep står sentralt.
– Vi har lagt ned eit stort arbeid for å setje teknologi og makt inn i ein informativ og inspirerande samanheng. Det er framleis mogleg å ta sterkare grep om regulering på teknologifeltet, og det ønskjer vi å vise.
Historikaren og statsministeren
Med nærmare 50 personar på scena er programmet tettpakka. Sjølv ser Sundland, som òg er konserndirektør for teknologi og utvikling i Sparebanken Norge, særleg fram til diskusjonane omkring kunstig intelligens.
– Karen Hao vil dele svært alvorlege perspektiv på risikoen vi må forhalde oss til i ei ny KI-æra. Samstundes trur eg mange vil ha stor interesse av å sjå konkrete, nasjonale og regionale initiativ for å auke produktiviteten ved hjelp av KI.
Det definitive høgdepunktet for styreleiaren er likevel historikar og forfattar Timothy Snyder.
– Snyder er ein av dei mest anerkjende historikarane i si generasjon, og må reknast som ei verdsstjerne på sitt felt. Samtalen med han blir heilt sentral for årets konferanse.
Skyhøg kvalitet til så mange som mogleg
Med 1600 fulle seter og 1500 personar på venteliste, er det stor interesse for årets program.
– Vi legg ned eit stort arbeid for å gjere konferansen til den mest effektive og inspirerande fagdagen i året for travle vestlendingar. Vi koplar globale problemstillingar med regionale moglegheiter, og det opplever mange som relevant.
Etter konferansen ønskjer Sundland at deltakarane sit att med meir enn berre ny kunnskap.
– Vi ønskjer at folk skal forlate Grieghallen med ny innsikt og styrkt tru på eigen handlekraft, i ei tid der mange kjenner på uro og maktesløyse. Håp er handling – både privat og på jobb. Vi må tilpasse oss nye rammevilkår, sjå etter nye moglegheiter, og samstundes halde fast ved det som har skapt store verdiar og velferd fram til no.
Bak Vestlandskonferansen står eit lite team som jobbar målretta med programmering store delar av året.
– Ambisjonen er å lage årets mest inspirerande og samlande møteplass for menneske som vil sikre framtidig verdiskaping. Målet er skyhøg fagleg kvalitet, delt med så mange som mogleg.
Difor er også TV-sendinga ein viktig del av satsinga framover.
– Formatet ligg fast. Det vi skal utforske vidare, er korleis endå fleire kan få nytte av programmet, seier Sundland.