Forord

I fjor opna vi Vestlandskonferansen med å sitere Bruce Springsteen:

«Forutsetningen for å lykkes, det er å vite hva du har, og å vite hva du skal gjøre med det du ikke har. En mann må kjenne sine begrensinger - for så å glemme dem og bare kjøre på!»
Frå sjølvbiografien «Born to run»

I år tar Vestlandskonferansen Bruce Springsteen på ordet. For at vi som lever liva våre i denne regionen skal kunne lukkast i vårt arbeid med å skape ei god framtid for vestlendingane som kjem etter oss, treng vi eit felles, tydeleg bilete av kva for ressursar og moglegheiter som faktisk finst i vår region.

Vi må vite kva vi har.
På same måte som vi treng å vite kva vi skal gjere med det vi ikkje har.

Difor har ei gruppe analytikarar frå konsulentselskapa Zynk, PwC og SenseNet fått i oppdrag å utarbeide ei perspektivmelding for Vestlandet. Meldinga skal klart og konsist få fram kva for potensiale som finst i vår region, og kva som skal til for å realisere dette potensialet.

Vestlandsmeldinga er den aller første rapporten i sitt slag, og har som mål å skape eit felles referansepunkt for den viktige diskusjonen om korleis vi saman kan gjere kloke val for framtida. Meldinga er eit oppdrag løyst av sjølvstendige fagmiljø. Det er ikkje Vestlandskonferansen eller partnarane bak konferansen som legg fram sine standpunkt i rapporten. Vestlandsmeldinga er sett saman av analyse og kvalifiserte synspunkt, til bruk for den som skal ta tydelegare standpunkt. Om du er rivande ueinig, om du meiner Vestlandsmeldinga manglar noko vesentleg:
Sei det! Skriv det! Og ikkje minst:
Få fram nye, kvalifiserte synspunkt.  Bruk meldinga til å løfte blikket. Les, tenk og diskuter med andre:  Kva skal til for at nettopp Vestlandet kan bli ein del av løysinga på nasjonale og globale utfordringar?

Denne vinteren har over ein million menneske sett NRK-serien LYKKELAND, ei dramatisering av det norske oljeeventyret. I nest siste episode seier Arne Rettedal (spelt av Vegard Hoel):

Vi lever på det mest spennende stedet.
I den mest spennende tiden, i verden.
Akkurat nå.

Replikken er framleis svært treffande.
Og no, nærmare femti år etter at gassflammen vart tent på Ekofisk, veit vi alt om kva petroleumsindustrien har skapt og skapar av velstand for det norske samfunnet. Samtidig veit vi så mykje meir om dei katastrofale kostnadane oljeeventyret får for kloden vår.

Aldri før har vi menneske, både her på Vestlandet og i verda rundt oss, stått ovanfor ei vanskelegare, viktigare oppgåve: Å endre vårt næringsliv, vårt samfunn og vårt eige tankesett, tidsnok til å stoppe øydelegginga som følgjer med global oppvarming.

Denne viktigaste oppgåva av alle kan ikkje delegerast bort.
Det er opp til oss å forstå at Vestlandet har alle føresetnader for å skape eit nytt og bærekraftig energieventyr. Det er opp til oss å tru på at vestlendingar kan vise veg i overgangen til lavutslippssamfunnet. Det opp til oss å dekke matmangel i verda med bærekraftig produksjon av marine protein. Det er opp til oss å sikre at Vestlandet vinn posisjonen som verdsleiande eksportør av maritim kompetanse og teknologi.

Det finst ingen andre å peike på.
Det er vi vestlendingar som må gjere den viktigaste jobben av alle:
Å halde fast ved trua på at vi kan skape noko betre.
Saman.

 

Jan Erik Kjerpeseth                                                             Siren Sundland
Konsernsjef  Sparebanken Vest                           Konserndirektør Operasjonelle Tjenester