OPERASJON NULLUTSLEPP 2030

Vestland fylke har sett seg eit ambisiøst mål om nullutslepp innan 2030.  Det vil krevje eit durabeleg samspel, men representerer også store moglegheiter for ny grøn næring og arbeidsplassar for regionen. Skal målet nåast må «alle mann på dekk»; kommunar, verksemder og vanlege folk som eg og du.

Av: Helene Frihammer, Leiar Klimapartnere Vestland & nasjonal koordinator for nye Klimaparntere regionar

«Marsjordren» må samstundes gjerast konkret og forståeleg for alle, og ein må freiste å bygge bruer og dempe konflikt. Mange puslespelbrikker er allereie på plass, men det er framleis litt av ein jobb som skal gjerast før 2030. Ferjerevolusjonen, fossilfri kollektivtransport, utsleppsfrie snøggbåtar, nullutslepps drosjer og omlegging til elfly er berre starten. Samstundes må staten bidra med sin skjerv midlar til risikoavlastning i ein overgangsfase, for å dyrke fram nye grøne næringar som også kan ta ein posisjon internasjonalt.

I den heilt ferske rapporten Vestlandmeldingen 2020utarbeidet av Menon Economics på oppdrag frå Vestlnadskopnferansen, peikar ein på at det meste av norsk eksport skjer fra Vestlandet. At norsk konkurransekraft økar som følge av klimaomstilling vil derfor især komme næringslivet på Vestlandet til gode.

Her kan du lese heile Vestlandsmeldinga 2020

Grøn omstilling
Klimapartnere tar mål av seg for å være Noregs viktigaste partnarskap for systematisk klimagassreduksjon og grøn næringsutvikling, med over 200 partnar-verksemder som representerer over 200 000 tilsette og over 150 000 studentar på landsbasis. I Januar utførte analyseselskapet Greensight ei kartlegging av nøkkeltal for omstilling av de nye fylket, på oppdrag frå Klimapartnere Vestland. Nøkkeltala gjev eit bilete på kvar dei direkte klimagassutsleppa kjem i frå og korleis ein ligg an med omstillinga, særleg av transportsektoren, som står for heile 34 % av utsleppa i fylket.

vestland 2030

Heile 53 % av nybilsalet og 13 % av den totale bilparken er i dag nullutsleppsbilar. Dei fleste ferjesambanda er elektrifiserte, eller vedtatt elektrifiserte og skiftet for både snøggbåtane og kollektivtransport er godt i gong.

Samstundes ser ein at de går seint med utskiftinga av varebil og tungtransport. Ser ein nærare på kartet, vil ein også sjå at nesten halvparten av utsleppa kjem frå fem enkeltståande utsleppspunkt i kvotepliktig sektor. Desse vil det være særleg viktig å få etablert ein god plan for framover, i samspel med staten, skal ein ha håp om å nå nullutslepp innan 2030.

Fem kommunar i Vestland (merka i grønt på kartet) har allereie vedtatt same målsetning som fylket: Bergen, Bjørnafjorden, Kinn, Stad og Stord, men langt fleire er i emning. Både Stad og Bjørnafjorden har hatt større lanseringar, og satsar tungt på å stimulere til grøn konkurransekraft lokalt.

Regionar i front
Tidlegare var det i all hovudsak byane i front, men no setter også for alvor distrikta, regionane og fylka seg i førarsetet med klimaarbeidet. Partnarar i alle Klimapartnere regionar vært utfordra om å sette seg mål om å bli fossilfri seinast innan 2030.

I Vestland har dei fleste av dei nærare 50 partner-verksemdene allereie sett seg dette målet og jobbar systemisk for å oppnå det. Mange vil innfri lenge før 2030. Samstundes ønskar Klimapartnere Vestland å rekke stafettpinnen vidare til alle typar næringssamarbeid og foreiningar, til å utfordre sine medlemmar til å sette klimamål i tråd med fylket. Partnere som Fjordkraft og Sparebanken Vest har også valt å tatt det eit steg vidare og stiller krav til eigne underleverandørar om å bli klimanøytrale allereie no. Å nytte den grøne innkjøpsmuskelen aktivt på denne måten er eit svært godt eksempel på at ein kan skape store ringverknandar for systematisk klimaarbeid langt utover eigen verksemd, om ein vil.

Her kan du lese heile Vestlandsmeldinga 2020 

Handle lokalt - selje globalt!
Etter kvart som vi utviklar nye løysingar lokalt, burde vi kunne makte å selje desse grøne produkta og tenestene i stor skala globalt.

Det er vanskeleg å kome på andre stadar i verda der ein i store periodar har overskotskraft, store mengder tilgjengeleg reint vatn og kort vassveg til ein internasjonal marknad.

Kan ein hente ut meir potensial i kraftbygdene våre som grøne fabrikkar for produksjon av eit stort spekter av varer med lavt karbonavtrykk( per produserte eining), på same måte som med aluminium? Er batterifabrikken på Midtun, Lefdal Datamine i Stad, eller produksjon av Silisium i Bremanger moglege eksempel på dette?

Kan fossilfri produksjon av jern bli det? Kan utsleppsfrie ferjer, snøggbåtar, fritidsbåtar, kompositt-materiale og tilhøyrande teknologi eksporterast i stor skala? Kva med fjordvarme-løysingar, bølgjekraft og Tibber for smart-energistyring eller grøn hydrogen?

Kva med løysingar og kunnskap frå sirkulærøkonomien eller bioøkonomien? Rapporten «Vestlandsmeldingen» dannar eit viktig kunnskapsgrunnlag, med ulike scenario for fire eksportintensive næringer med særleg høgt potensiale for vekst; sjømatnæringen, maritim næring, prosessindustri og fornybarnæringen.

Det er uansett på høg tid for Noreg å jakte meir systematisk etter moglegheiter i det store grøne skiftet i internasjonale marknader. Parallelt med at vi arbeider knallhardt med klimagassreduksjon heime fram mot 2030, bør vi også etablere konkrete og ambisiøse mål for grøn eksport av produkt og tenester frå Vest!

Helene frihammer (2)

Leiar Klimapartnere Vestland og er Nasjonal Koordinator for nye Klimapartnere regionar.